FORELDREGRUPPE/

VEILEDNING I

SURNADAL

Er du forelder og har lyst til å bli med i ei foreldregruppe, så kan det no være sjanse for at du får mulighet til det! Som foreldre har alle mange gleder og naturleg nok også utfordringar. I ein travel kvardag kan det vere lite tid til å tenkje over korleis vi er som foreldre og ikkje minst kor viktige vi er for barna våre. 14 ansatte fra barnehagene i Surnadal, helsestasjonen, IK barnevern og PPT for Surnadal, Rindal og Halsa, er no i gang med opplæring i å drive foreldregrupper, tilknytta prosjektet «God oppvekst». Vi treng no i vår foreldre til å delta i gruppene våre slik at vi kan bli sertifiserte. I denne omgangen vil det bli foreldre til enkelte årskull i enkelte barnehagar som vil få tilbodet, og dei vil få nærare informasjon om dette. Prosjektleiar Kari Hamnes frå PPT håper at dei foreldra som no får tilbod om å delta i slike foreldregrupper, hiver seg med!

 

I foreldregruppene legges det til rette for å møte andre foreldre, dele erfaringar og snakke om både det som er bra og det som kan være meir utfordrande. I slike grupper kan ein blant annet få vite mer om korleis andre foreldre løyser vanlege utfordringar, og ein kan dele tankar og idear. Gruppene følgjer eit opplegg der 8 ulike tema for godt samspel blir teke opp.

- Korleis kan eg få eit enda bedre forhold til barnet mitt?

- Kva slags foreldre ønskjer vi å vere?

- Når får vi til det gode samspelet?

- Korleis kan vi gjere meir av det som fungerer?

 

Vi reknar med at mange i utgangspunktet er positive til eit slikt tilbod, men at det i den reelle tidsklemma kan vere vanskeleg å sjå for seg at ein vil klare å setje av tid til å delta i slike grupper. Men vi håpar og trur at om ein får til å rydde tid, vil dette opplevast som ei god lomme i kvardagen der ein får sette seg ned og snakke om det som er så viktig for oss, barna våre. Det vil også kunne gjere at daglege gjeremål glir lettare med at ein er meir bevisst på det gode samspelet, noko som vil gjere at kvardagen vil kunne opplevast å vere litt mindre hektisk. Om du lurar på om du ikkje «strevar nok» med eigne barn til å kunne ta imot tilbodet, vil vi igjen understrekje at dette tilbodet er meint førebyggjande til alle foreldre. Vi som tek denne opplæringa opplever sjølv at dette har gitt oss svært mykje i rollen som private omsorgsgivarar, til for eksempel eigne barn.

 

Kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik fortel at Surnadal kommune lenge har satsa på tverrfagleg arbeid til det beste for barn og unge. Dei siste åra har det særleg kome til uttrykk gjennom bruk av dialogverktøyet ASQ-Se og reflekterande tverrfagleg team i barnehagane. Prosjektet «God oppvekst», som er initiert og drifta av PPT, er eit tverrfagleg prosjekt som no har sett i verk fleire tiltak som er tenkt universelle og førebyggjande. Slike type tiltak trur vi er svært viktige for å kunne sikre at alle barn blir best mulig rusta til å mestre eigne liv. Etter å ha sett i gang systematisk tverrfagleg observasjonar i barnehagane, er turen no komen til å utdanne tilsette i ICDP, eit program for foreldreveiledning. Vi har dei siste åra opplevd i aukande grad at foreldre ønskjer veiledning i det å vere gode foreldre for sine barn. Vi har tru på at vi med dette prosjektet skal få auka kompetansen til våre tilsette, og kan støtte foreldre i å vere trygge, tydelege og varme vaksne for barna i våre kommunar.